Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (788) Anmeldelse (bok, film...) (643) Artikkel (970) Biografi (265) Dikt (1044) Essay (579) Eventyr (116) Faktaoppgave (411) Fortelling (852) Kåseri (614) Leserinnlegg (132) Novelle (1361) Rapport (628) Referat (174) Resonnerende (214) Sammendrag av pensum (189) Særemne (168) Særoppgave (353) Temaoppgave (1277) Annet (535)

Språk

Bokmål (8348) Engelsk (1664) Fransk (26) Nynorsk (1168) Spansk (12) Tysk (38) Annet (60)
Meny

Du er her: Skole > Islamsk Stat

Islamsk Stat

Saktekst om terrorgruppa IS. Skriven i 8. klasse. Karakter: 6-

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
28.11.2016
Tema


Den islamske staten er ein irakisk terrorgruppe som kjempar mot Irak og Syria for ein eigen statsdanning i eit landområde som kallas Levanten. Gruppa blei oppretta i 2003, og hausten 2014 hadde dei 30 000 mann under våpen,  i følgje CIA. IS, som gruppa også er kalla, tilhøyrar den sunni-muslimske retninga i islam. Tidlegare hadde gruppa namnet ISIL, som står for islamsk stat i Irak og Levanten. Sunnimuslimske muslimar frå heile verda kjem  til Irak og Syria for å krige. Det har reist 50 til 60 muslimar frå Noreg. Dei har allereie mykje kontroll over delar av Syria og Irak. IS er ikkje ein del av terrorgruppa al-Quaida, men har likevel støtte frå dei.

IS blei oppretta etter den USA-leia invasjonen i Irak i 2003, fordi USA var  imot diktatoren  i Irak, Saddam Hussein. Hussein var ein sunni-muslim som var nokså opptatt av pengar, og hadde mykje olje i landet sitt. Presidenten til USA, George Bush var redd for at Hussein skulle lage nye biologiske våpen sidan han var så rik. Når Hussein blei tatt av USA,  blei det satt inn ein ny president i Irak, den shia-muslimske Nouri al-Maliki. Han behandla sunni-muslimane i landet dårleg, og forsterka såleis  hatet mellom dei to folkegruppene. 


I Syria oppstod det ein borgarkrig i 2011. Dette starta med eit opprør mot presidenten Assad på same måte som dei andre landa i den arabiske våren. IS kjempa mot Assad i denne konflikten, og fekk i starten støtte av nabolandet Tyrkia. IS lykkast etter kvart med å få fleire og fleire folk med seg. Nå som IS var mange,  klara dei å ta kontroll over heile landområde i Syria og Irak. Når dei fekk kontroll over desse byane fekk dei mange ressursar, blant anna amerikanske våpen. 

Då ville IS skape ein stat i Levanten, altså delar av Syria, Irak, Libanon og Tyrkia. Denne staten skulle følgjast av strenge reglar, kalla sharialoven. Her er det strenge reglar som for eksempel at song og dans er forbode og at kvinner ikkje har lov til å ha augekontakt med menn. Dersom dei ikkje held desse reglane, vert dei brutalt straffa med  til dømes pisking. 

Langt ifrå alle sunni-muslimar er einige med IS, dei som har slike ekstreme syn blir kalla jihadistar. I 2014 blei det innført eit nytt ord i Noreg, framandkrigar. Det vil sei ein soldat som reiser til eit anna land for å kjempe, utan betaling. IS blir i dag samanlikna med Nazi-Tyskland av nokon fordi dei dreper andre folk på grunn av trua. Desse muslimane meiner sjølv at dei har rett til å drepe. Dette syna dei ved avrettinga av den amerikanske journalisten James Foley med eit direkte varsel til Barack Obama. IS truer òg med å drepe i vesten, enten om dei avrettar folk, eller med attentat som 11.september. IS har hatt fleire iverksatte eller planlagde terrorakjonar i vesten. Nokre av desse er sjølvmordsangrepet i Stockholm i 2010, angrepet på ein jødisk butikk i Brüssel i 2014 og terroralarmen i Noreg juli 2014. 

Fleire land bekymrar seg i dag for IS, og kva som kan skje. USA kom inn til Syria og Irak for å bombe IS den 8.august 2014. Frankrike har hjelpt kurdarane i deira kamp mot IS med våpen og fleire land er med å nedkjempe IS. Til no har ingen andre land frå vesten vore i Syria eller Irak med direkte bakkestyrkar, unntatt frå Tyrkia. 

Dette er ein grusom situasjon for dei som lever nede i Syria og Irak. Til nå har det reist 1,6 millionar flyktningar frå Irak og Syria. Halvparten av desse er barn, i følgje Redd Barna. Nord i Irak ligg det ei stappfull kyrkje med mange barn som ligg på tynne matter som søv og gret. Den verste situasjonen er på Sinjar-fjellet, der det er 20.000 til 30.000 folk som ikkje har mogelegheit til å komme seg vekk fordi dei er innestengd av IS.  Desse menneska lever på mat som blir sluppen ned frå lufta. Mange frå Syria ha flykta til Tyrkia, og trudd at dei har komen til ein trygg stad, men det likevel kjem angrep frå IS. Dette viser at når dei endeleg får flykta til ein trygg plass, så må dei plutseleg flykte igjen. 

IS er altså ei ekstrem terrorgruppe som prøver å lage sin eigen sunni-muslimsk stat, som skal følgje strenge reglar. For å gjere dette prøver dei å drepe alle andre som ikkje er sunni-muslimske. Eg meiner sjølv at me i vesten ikkje heilt klarer å forstå kva som skjer der nede, og at me tenkjer altfor mykje på oss sjølv. Då eg var på Norway Cup i Oslo, så hadde IS sendt ein terrortrussel til Noreg, og staten brukte mykje pengar på at landet skulle vere sikkert. Likevel så er det mange tusen som treng pengane/soldatane mykje meir enn oss! Me i vesten er altså meir redde for at det skal kome terror til oss, som 11.september, men likevel så blir Syrarar og Irakarar krossfest, skutt, halshogd og hengt! Me sender også mange asylsøkjarar ut av landet! Me sitter i sofaen og ser på nyheitene og tenker at det er dei sitt problem. Då blir eg skuffa.

 

Mine kjelder har vore: Store Norske Leksikon, Globalis og NRK Super.

 

Store Norske Leksikon:

Forfattarnamn
Dag Leraand
Når publisert/oppdatert
31.12.2014
Tittel
Den Islamske Stat (IS)
Nettstadeigar
Aschehoug og Gyldendals forlag
Nettadresse
https://snl.no/Den_islamske_stat_(IS)#menuitem1
Når kopiert/nedlasta
11.01.2015
 

Globalis:

Forfattarnamn
Ukjend
Når publisert/oppdatert
15.09.2014
Tittel
Den islamske staten (IS)
Nettstadeigar
SN/FN
Nettadresse
http://www.globalis.no/Konflikter/Den-islamske-staten-IS
Når kopiert/nedlasta
11.01.2015
 

NRK Super:

Forfattarnamn
Frank
Når publisert/oppdatert
13.08.2014
Tittel
Inntil 800.000 irakiske barn drevet på flukt 
Nettstadeigar
NRK
Nettadresse
http://nrksuper.no/super/supernytt/2014/08/13/inntil-800-000-irakiske-barn-drevet-pa-flukt/
Når kopiert/nedlasta
11.01.2015
 

 

 


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil