Heilt sia ”World Wide Web” blei først brukt på 1990-talet har internettet spreidd seg til nesten alle heimar i heile verda. Den tok verda med storm og førte oss inn i eit eventyr med spennande oppdagingar og uendelege mogelegheiter. Berre med nokre få tastetrykk er all informasjon i heile verda tilgjengeleg for deg. Og ikkje minst førte han til globalisering og samhald. Men kva er det ungdomar i dag brukar dette meisterverket til? Vi brukar den til spel, jukse på prøver, porno, Facebook, Twitter, piratestreaming av filmar, mobbing, krangling og alt anna enn fornuftigheitar. I staden for å læra om 100-års krigen eller global oppvarming, les vi heller på Sophie Elise sin blogg om kva ho åt til middag eller korleis vi skal sminke oss. Vi ser på morosame ”memes” eller videoar om katter som dansar. På mange måtar har internettet vorte ein del av livet vårt, men i staden for å bruke han som eit hjelpemiddel, har vi sett vårt liv inn i den og korrumpert det til noko vondare enn den er.
Sjølv om det verker ganske greitt at vi bruker sosiale medium for å skape eit godt miljø, har dette berre ført til verre utvikling. No lever vi eit dobbelliv der vi er ”utru” mot vår sanne identitet. I staden for å briljere med dei vanskelege utfordringane i å vere til stades i ”verkelegheita”, kan ein berre støtte seg på kven ein er på sosiale medium. Til dømes er det mykje meir lagleg å få ”likes” på profilbilete sitt enn å anstrengje seg for å trekkje til seg popularitet i dagleglivet. No har det seg slik at sosiale medium har vorte til eit slags fellesskap kor ein kommuniserer på ein tilnærma anonym måte. Dette er ganske ironisk sida du er veldig lite anonym på sosiale medium. Det er berre personen bak forhenget som er anonym. Personen dei prøver å framstille er der så alle kan sjå og vurdere. Mange har vorte litt rive med og prioriterer framstillinga på sosiale medium over seg sjølv. Dette fører til at ungdomar ikkje finn seg sjølv og mister sansen av kven dei er. Dei sit bak forhenget og regisserer framstillinga medan profilen på sosiale medium er i scenelyset og tar publikum si merksemd. Og i alt dette er sanninga at personen i scenelyset er den personen vi ynskjer å vere.
Det er slik vi har kome hit vi er i dag, og slik vi har vore ein god stund no. Talet ”likes” vi får på profilbilete er viktigare enn korleis vi blir likt i dagleglivet. Popularitet er blitt kor mange vener ein har på Facebook. Vi set lit i bloggarar og dramatikarar på nettet og konsumerer den endelause oppdateringa av sladder som strøymer inn på nyheitsidene våre. ”Likes” vi får på innlegg og bileter vi publiserer, gir oss stadfesting og ei kjensle av å aksepterast. Men om du tenkjer på det, er ein ”like” alt anna enn det. Når nokon ”liker” bildet ditt er det berre for å vise at dei òg er der. Det er ein type reklamering. Ved å vere aktiv og vise seg over alt i sosiale medium, reklamerer ein for sin eigen profil. ”Likes” er òg ein lettvint måte å vere høflig eller vise at du er ein ven. Det er mykje enklare å berre ”like” ein venninne sitt bilete enn å måtte faktisk vise at ein er ein sann ven. Berre ved å trykkje på ”like” på eit innlegg er jobben din gjort, men personen som skreiv innlegget vert kjempeglad for det. Altså er ein ”like” meir ein taktikk enn at nokon faktisk likar noko.
Gir sosiale medium nokre positive påverknader på ungdomen? Ja, det meste har alltid ei positiv side og det inkluderer Facebook og andre sosiale medium. I motsetnad til det eg tidligare har sagt, gir sosiale medium ein fridom til brukarane. Dei kan uttrykkje seg på sin eigen måte. Berit Skog publiserte ein artikkel i Spraaknytt-2009 og seier: ”Eit viktig poeng er at sjølv om Facebook er eit engelskspråkleg nettsamfunn, er det norsk som dominerer…” […] ”Dette speglar interessante trekk ved norsk språkutvikling. Her har ein i hovudsak fokusert på påverknaden frå engelsk.” Det kan diskuteras om dette er ein positiv påverknad på ungdomen, men eg trur at det gjev oss røynsle med ulike språk og gjer oss kreative i skrivinga vår. I tillegg er det meste vi ser på sosiale medium skrive på engelsk og dette lærer ungdomen av. Den nye generasjonen er jo mykje betre på engelsk. Når ein er på ferie i Gran Canaria og bestefar prøver å klage seg til nytt rom, veit vi ikkje heilt om han snakkar norsk eller engelsk. ”Can I have a nytt rom?”
Slik eg ser det har heile diskusjonen om sosiale medium ein veldig enkel konklusjon. Det at ungdomen søkjer etter stønad og sjølvtillit ser ein i alt vi gjer. Vi har ein tendens til å dra ting alt for langt og det går ofte mot det ekstreme. Gutar på 18-års alderen trenar styrke og pumpar jarn, men viss vi ikkje får dei resultata vi leitar etter vert vi kanskje freista av doping eller steroider. Jenter går på slankekur og grensar mot å få anoreksi. Vi gjer alt som er i makta vår for å ikkje vera oss sjølv, men han vi vil vera. Det er dette som føregår på sosiale medium. Der er det mykje lettare å gjera akkurat det. Jenter treng ikkje å tvinga fingrane sine ned i halsen og spy opp den burgaren dei åt når sosiale medium lèt deg skapa deg sjølv akkurat slik du vil. Dette er på mange måtar bra. Eg håpar berre ikkje at vi mistar oss sjølv på vegen.