Oppgåve.1
Båtturen til Bergen
Eg heiter Petter og har nettop flytta inn i Alstadhaug på Haugelandskysten med mamma. Der budde ein prest og nokre andre vanlege folk som oss. Eg skulle hjelpe til med nokre jobbar, eg var veldig heldig som fekk tene litt når eg berre var 14år. Fyrste dagen var eg med på og rydde opp inne, og litt snikkerarbeid. Mamma hjalp mest til på kjøkkenet.
Pappa døde for 2 år sidan, han drukna ute på havet i ein fiskebåt. Det kom ein stor storm og sank skipet. Og etter det har det berre vart meg og mamma. Omtrent alt me åt var fisk, eg begynte og bli lei av det, men det var mat. Me sov på eit litt utslitt rom, det sprang rotter rundt på golvet og det var ganske kaldt. Men eg sovna til slutt. Neste dag vakna eg kl 6 om morgonen, det var nokon som skreik att det var ei heks som gøymde seg i eit skur. Alle sprang ned til skuret, Der stod det ei gammal dame med ein stokk. Presten spurde kva ho heiter, ho svarte ikkje. ME SER OM HO FLYTE! Skreik nokre menn DA FINN ME UT OM HO ER EI HEKS! Det synest presten var ein god ide.
Eg og mamma sa eigentleg ikkje noko, me berre stod og så på. Dei knytte ho i eit tau og kasta ho uti fjorden. Så venta me litt, Plopp! Sa det. Ho kom opp og flaut. Mamma sukka, eg spurde ho kva ho meinte. Ho sa ingenting. Mennene begynt og lage eit stort bål, dei la på svære kvistar. Så band dei heksa til ein stokk og sette henne ved bålet. Presten hadde tatt på seg ein slags rar kjole, Han gjekk bort til heksa og sa masse ting eg ikkje forstod. Mennene gjekk bort til heksa og løfta ho opp, Mamma snudde seg. Dei la heksa oppå bålet, så sa presten enda fleire rare ord. Så vart det stilt. Alle stod rundt bålet og så kvistane og heksa brenne opp. Eg skjønte ingenting. Eg spurde mamma kvifor me ikkje berre kunne sende ho tilbake til skogen? Ho sa att vist me slapp ho fri, kunne ho skade nokon andre eller oss.
Alle gjekk tilbake til jobbane sine, presten stoppa meg og sa att nokon av mennene skulle frakte fisk til Bergen i morgon med Nordlandssjekta. Han ville att eg skulle bli med. Eg blei litt sjokkert eg hadde jo aldri vore på ein båt før! Eg sa det til mamma, ho ville ikkje att eg skulle reise fordi ho ikkje ville miste meg på same måte som ho mista pappa. Men eg ville vere med, så eg fekk overtalt mamma. Neste dag stod me opp i 7-tiden mamma hadde laga 5 skiver med gulost og to bollar til niste. Eg tok sekken min og reiste ned til kaien. Der stod Halvor å Dagfinn og lasta fisk i båten. Eg gjekk bort og hjalp til med og laste fisken i båten. Når me var ferdig med og laste fisken begynte me og sette opp seilene. Det var ein stor og fin båt, den ligna litt på pappa sin. Me begynte og seile, det var ein lang veg til Bergen, det tok sånn ca. 2 dagar. Dagfinn styrte båten siden han var mest erfaren, mens eg og Halvor Spelte kort. Det begynt og komme mørke skyer, men Dagfinn sa att det ikkje var noko og vere redd for.
Det var ein ganske koselig båt, Det var eit rom med masse stearinlys og eit bord med masse forskjellig kortspel. Me stoppa litt og tok ein pause, Dagfinn fann fram fiskestonga og begynte og fiske mens eg og Halvor lagde mat. Me åt fisk til mat og drakk vatn. Etter det var det blitt kvels og me såg att det kom fleire og fleire mørke skyer. Dagfinn sa att han skulle vere oppe og passe på så det ikkje kom nokon storm utan att me visste det. Me gjekk og la oss i ei hengekøye under dekket, me tente nokon stearinlys sånn att det ikkje skulle bli heilt mørkt. Eg sleit litt med og sove fordi havet lagde så høg lyd av alle bølgene som slo mot båten. Halvor var oppe eit par gonger på dekk for og spy, men han sovna til slutt han og. Neste dag vakna eg av att Halvor var oppe og spydde. Da eg gjekk opp på dekk ser eg att Dagfinn ligg og sov på to gamle plankar og ei pute. Me var heldige det ikkje kom storm for da hadde Dagfinn låge midt ute på havet no. Men no var det sol og fint ver!
Eg vekte Dagfinn, og han lata som om han hadde vore oppe heile natta og la seg nettop til og sove. Han gjekk tilbake til og styre båten, mens eg og Halvor satte opp seil. Da var me i gang igjen, På veg til Bergen. Heile dagen var eigentleg ganske roleg heilt til kvelden, da kom det enda større og enda svartere skyer enn i går. Me såg masse regn og torden komme mot oss. Dagfinn skreik att me skulle ta ned ankeret og seila. Me tok ned seila så fort me kunne, og ankertet tok Dagfinn ned. Me såg stormen komme, Det raste Bølger inn på båten Me var alle kliss –klass. Dagfinn Beordra oss ti og gå inn under dekk, men da slengte det ein stor bølgje i siden av båten, Båten blei skyvd bortover og ankeret røyk. Me låg heilt laust midt i ein storm med 5 meter høge bølger! Alle samen tok med seg ein sekk med fisk og gjekk ned under dekk. Meg låg oss i køyesengene og venta… Me venta, og venta… Bølgene slo til veggen av båten, me høyrde torden og regn som slo ned på båten, Me var fortapt.
BAM! Ei bølge slo eit hol i veggen, Skipet Kjemme til og synke etter nokon minutt, Men da fekk Halvor ein ide. Det ligg ein gammal robåt og flyter etter båten, Den vart festa på der som ein redningsbåt. Me gjekk opp på dekk og bak til redningsbåten. Me hoppa oppi robåten og la oss flate på golvet, Dagfinn kutta tauet mellom robåten og Nordlandssjekta sånn att me ikkje kom til og synke ned med den. Der låg me Heilt kliss blaute i ein liten båt midt i ein storm. Men me blei ikkje slengt til sida av bølgene, eller troffe av torden. Me satt heilt stille i ein liten båt midt i ein full storm og såg nordlandssjekta synke. Gud må vere med oss sa Dagfinn, Han holder oss på plass til stormen er borte. Han foreslo att me tok ein bønn til gud som takk, også la me oss til og sove. Men kva med nordlandssjakta? spurde eg, den har djevelen tatt sa Dagfinn. Me la oss til og sove. Da me vakna lå me rett utanfor kaia til bergen. Me padla oss inn til kaien og krabba ut av båten. Der stod presten. – Eg har bedd til gud for dikka, Han fortalte meg kva som skjedde. Det var altså presten som hadde fått gud til og hjelpe oss. Me takka presten og gjekk til nærmaste butikk.
Me kjøpte masse mat og drikke, men ikkje noko fisk! Me satte oss på ein benk utanfor, og begynte og ete. Da køyrde ein hestevogn forbi. Han skulle til Alstadhaug. Me fikk sitte på gratis. På vegen heim fortalde me han heile historien, han synest det var ein veldig spennande historie og sa han ville lage ei bok av den. Det var ein god ide synest me. Da me kom heim, kom mamma springande. Presten hadde fortalt ho alt. Ho hadde vært så redd, me gjekk opp til langstova og tok ein stor og god middag ilag alle saman.